Digitalt Fortalt

onsdag 12. mai 2010

gooble gobble

Sirkus Ingvilla

Onsdags kveld. Har eigentleg vore her i sofaen heile kvelden. Eg har aldri likt å jobbe ved skrivebord. Det har sikkert med at eg rotar så vanvittig. Med laptopen på fanget og diverse mat og drikke kan eg eigentleg halde det gåande i timesvis. Berre eg har inspirasjonen sjølvsagt. I kveld har eg skrive om sirkus, igjen. Det fascinerer meg. Særleg fordi det eigentleg er så vanvittig forutsigbart - ei lita verd av glitter og stas. Som reiser rundt på grusbaner i campingvogner. For mange år sidan såg eg filmen Freaks. Sjølv om det er lite igjen i dagens sirkus av denne ganske motbydelege måten å stille ut menneske med misdanningar av ulike slag på - så krinsar framleis sirkuset omkring det heilt ekstreme ved menneskekroppen. Eg tenker særleg på sverdslukarar og slangemenneske. Litt rart å tenke på at Arnardo var slangemenneske, forresten.(-:
Er det mogeleg å ta eit så teit bilete av seg sjølv? ja tydelegvis(-:
   

Klare til 17. mai

Då har vi tørrtrena, og skitna ut både bunadskjorter og stakk. Eg syns det er aldeles nydeleg.

tirsdag 11. mai 2010

Harlekins rom - Karin Augusta Nogva - Kunstmuseet KUBE

Karin Augusta Nogva er fødd i 1976 - og Harlekins rom er hennar første separatutstilling. Her får vi mange innsyn i kunstnaren si utforskande haldning. Ho er utdanna innan grafikk, men ho ønsker å sprenge grenser. I tillegg til grafikk, finn vi også videokunst og installasjonar.

Harlekin er kjend for den mangefarga rutete drakta. Han vart til på 1500 – talet som ein karakter i den italienske Commedia dell’arte. Dette var omreisande skodespelarar, og Harlekin var ein slags klovn med ulike roller. Han hadde eit skråblikk på det meste.

Det er tittelen på utstillinga som først fangar merksemda mi. Klovnen har for meg alltid vore ein litt tragi – komisk skikkelse. Han tek på seg ei maske, og er dømd til å halde henne på. Det var den kvite klovnen, med sølvbukser og ei svart påmåla tåre på kinnet, som festa seg i minnet då eg var lita jente på sirkus.

Videoverket ”Harlekins rom” viser korleis kunstnaren omstendeleg teiknar raude strekar i heile andletet. Sjåaren veit heile tida kva som kjem til å skje. Ho er nok ikkje ferdig før heile fjeset er fullt av raude striper. Den som set seg ned føre filmen, må sleppe seg laus frå denne vissheita. Kunstfilmen har eit anna mål enn forteljinga sitt forløp.

Så kva skjer? Karin Augusta kikar inn i kamera, som i ein spegel. Sjølv om andletet hennar er veldig nært opp til kamera, verkar ho fråverande. Ho konsentrer seg om strekane, tek nokre pauser for å sjekke om ho er nøgd, og fortset. Ho nyttar raud lipliner. Det stikk i meg. Er det ein kommentar til kvinnene sine stunder føre spegelen? Før ein går ut i dagen, tek ein på seg maska. Noko vil vi skjule, andre ting vil vi legge til eller framheve. Vi tilpassar oss det som er der ute, og det som vert forventa av oss.

Når andletet er ferdig måla, kan vi reise oss. Harlekinmaska er på. I den store salen støyter vi på ein diger busk. Installasjonen, som ho har kalla ”Fell aldri bort”, er flytta frå sin plass i naturen og inn i kunstmuseet. Marcel Duchamp var ein av dei første som gjorde dette i 1912, då han stilte ut eit industriframstilt pissoir.

Buska er brent og delvis forkulla. Det er ikkje mykje igjen av det livet som ein gong strøymde gjennom greiner og bladverk. Den forkulla buska er kanskje eit skal, ein fossil, av det tidlegare livet. Ute i naturen har ho ikkje lenger livets rett. Nye, friske skot har kome i hennar stad. Kanskje vil ho kome til sin rett om millionar av år når ho vert dregen opp av mudderet, og slik kan fortelje litt om denne vesle tida på jorda – då vi vandra rundt her.

Vel inne i museet, for det høyrer med til historia at det ikkje berre er enkelt å drage ei slik uformeleg busk ned frå Aksla, får ho litt av denne krafta som berre museet har. Det er som å fryse augneblinken. Busken blir både det fantastiske livet og den uunngåelege døden på ein gong. Men det vert også former, skuggar – og historier.

Duchamp sitt pissoir var eit industriens vidunder, skapt av det framoverstormande mennesket. Nogva si døde busk er natur i forfall, natur ute av sin samanheng, natur på museum. Kan det vere eit spørsmål om kvar vi er på veg?

I den andre kunstfilmen ”Walk and run” sr vi kunstnaren springe naken over eit svaberg. Hav, himmel og berg er evige storleikar, urøyrd av menneske. Men er mennesket som spring der framleis ein like naturleg del av alt dette? I det mørke romet med fjørkledde sittestubbar vert vi som sjåarar invitert til å vere med. Det vert mørkt, ho spring. Det vert lyst, ho spring. Det vert mørkt igjen, ho spring. Og slik fortset det. Til evig tid, kanskje?

Det første vi reagerer på er at kunstnaren gjer dette - naken. Dei sosiale normene vi ber med oss skal forserast før vi kan gå vidare i tolkinga av kunstverket. Dette er den første hindringa kunstnaren møter når ho stiller spørsmål ved om vi moderne menneske framleis er ein naturleg del av naturen. Vi tilkneppa nordvestlendingar er ikkje vant til slikt. ”Er det nokon som ser oss?”, er nesten som ein ryggmarksrefleks.

Når dette har lagt seg, kan vi begynne å glede oss over både det vakre landskapet og dei gode minna til liknande landskap. Når vi skjønar at turen over berget går på repeat, forstår vi at ho ikkje skal nokon stad. Ho vil berre vere der. Det er då vi vert oppjaga. Skal ikkje noko skje? Og viss vi har sett alt, er det ikkje på tide å gå vidare? Det er muligens der det ligg. Tida gjer krav på oss på ein slik måte at vi ikkje lenger passar inn i biletet av det evige.

Nogva byr på seg sjølv, noko ein ser stadig oftare i samtidskunsten – og samtida for øvrig. Kunstnarane sine liv vert blottstilt, og brukt som instrument til å fortelje historier og å bevege. Når Harlekin tek maska på kan vi vel alle kjenne oss igjen. Korleis hadde det blitt dersom vi baud meir på oss sjølve? Kva har det gjort med oss at vi har gøymt oss bak denne maska?

Når vi derimot stikk hovudet inn i den vesle boksen, ”Karins hütte” vert vi vitne til hennar private tankar omkring livet og utstillinga. Tittelen vinkar sjølvsagt til Kurt Schwitters si vesle hytte på Hjertøya utanfor Molde – som han hadde tapetsert med billlettar, bilete, avisutklipp osv.

Det er ikkje alle som tør å ta steget inn i Karin si hütte. Dei fleste vert ståande utanfor. Eg gjekk inn – ein gong då det var lite folk i museet. Mykje av dette personlege materialet er godt gjenkjennbart i mitt eige liv, og eg får assosiasjonar til fjorårets store litteraturmani – Karl Ove Knausgård. Når ein legg nok detaljar for dagen, er vi over i det allmennmenneskelege. Men så er det noko trist i det også. Viss vi går heilt ned på mikronivå, er vi alle like. Og er det greit?

Eg kjenner eg nesten vert litt desperat. Slik kjennest det kanskje å lengte etter det som er mellom masken som Harlekin tek på seg – og det indre romet der ein er fri til å vere det spesielle mennesket som berre er meg – eller deg. Og som ein gong vandra rundt på jorda.

lørdag 8. mai 2010

Ein cirkusrefleksjon

Ja så er det helg, og eg sit føre tastaturet. Skal skrive ein artikkel om cirkus. Det har alltid fascinert meg. Det har så mange kontrastar. Syns vi må slå eit slag for cirkusbransjen: Klart dyra skal ha det bra, og at ein må sjå nøye på dette. Men artistane er jo fantastiske. Dei gjer ein skikkeleg innsats. Jobbar som gale, er involvert i heile prosessen med å rigge, flytte, byttar roller og sel popcorn. Det er langt frå dei norske popstjerne A kjendisane sine liv, gitt. Dei har jo for lengst flytta inn på treningsstudio og spa - klinikkane sine. Berre kos dokke der inne. Hald dokke der inne - var det eg meinte.

fredag 30. april 2010

Dåpsfatet i skodjekyrkja

Sidan embed funksjonen ikkje verka kan vi jo prøve oss på ein god gammaldags link (-:

Jugendstilsenteret