Digitalt Fortalt

onsdag 7. april 2010

ICOMOS fagdag hos Riksantikvaren

Her følgjer eit aldri så lite referat etter ein interessant konferanse der fredning og grunngjevnader for fredning var tema: Temaet var ”Den besværlige tidsdistansen”.

Temaet for konferansen vart sett på bakgrunn av at verdien av eit bygg endrar seg med tida. På eit visst tidspunkt, omtrent etter ei 30 års tid, er det stor fare for at materialtrøttleik, forfall, smak osv er såpass i utakt med samtida at bygget går tapt. Hadde bygget klart seg gjennom denne kritiske perioden ville ein kanskje med tida avdekka fleire kvalitetar.

I Norge i dag vert bygningar eldre enn 1537 automatisk freda. Det same gjeld ståande bygg frå før 1650. Det har sjølvsagt blitt oppført mange bygg etter dette, og då er det sjølve grunngjevinga for vern, ikkje tidsaspektet, som avgjer fredninga.


Nils Anker introduserte og viste til nokre døme på byggverk med ulike skjebner. Den amerikanske ambassaden, teikna av Eero Saarinen , er eit døme. Bygget stod ferdig i 1959, fordi det er eit bygg av høy arkitektonisk verdi og ett av de få moderne byggverk i Norge som er tegnet av en utenlandsk og internasjonalt anerkjend arkitekt. I denne vurderinga vil det nok også verte tillagt verdikriterie som bygninga sin historiske verdi, symbolverdi, funksjon og innovative og betongtekniske løysingar. Bygninga har også oppnådd ein alder som gir ein viss distanse.



Candelaskalet, teikna av den spansk-meksikanske kunstnaren Felix Candela, vart oppført i Frognerparken i 1965, og rive i 1993. I dag er det parkeringsplass på staden der verket stod. Dette er eit anna døme på bidrag frå utenlandske arkitektar, men der ein kanskje ikkje hadde stor nok tidsdistanse til å vurdere dei kulturhistoriske verdiane.



Odda Smelteverk er eit anna døme. Smelteverket som gjekk konkurs i 2003 består av enorme og til dels svært ulike bygningar, heilt frå 1904 fram til nyare tid. Det nedlagte anlegget okkuperer store deler av Odda sentrum. Fredningsforslaget legg stor vekt på anlegget sin verdi som dokumentasjon av norsk prosessindustrihistorie. Her utgjer dei yngste delene av anlegget dei største kontroversane, men det er kanskje ikke berre på grunn av alder, men også fordi dei er utfordrande med omsyn til estetikk og, ikkje minst, ulike ønsker om framtidig arealbruk.



Oppdraget til Vikingskipsmuseet vart vunne av arkitekten Arnstein Arneberg. Bygget vart oppført mellom 1926 til 1957, og gav plass til Tuneskipet, Gokstadskipet og Osebergskpet. Det har i dei seinare år vore diskutert om skipa burde flyttast over til Bjørvika. Bygget byr på spesielle utfordringar. Fredning av bygningen vert også fredning av ein funksjon – som utstillings- og bevaringsstad for vikingsskipa. Synspunkta på forslaget om fredning varierer på bakgrunn av byutvikling, musemsutbygging i hovedstaden og ikkje minst også sett ut fra ein teknisk bevaringsmessig ståstad.


Liknande problemstillingar med omsyn til bevaring av arkitektur og bygningsfunksjonar ser vi ved fredningsforslaget av Norsk Arkitekturmuseum og Domkirkeodden på Hamar – begge også teikna av den nyleg avdøde arkitekten Sverre Fehn.

Fredningspraksisen varierer i ulike land. I Norge gjeld Kulturminnelova. Denne gir ikkje, bortsett frå dei aller eldste bygga, noko tidsdatering. I Danmark har ein lenge nytta ein 50 – 100 års – regel, men i det seinare har ein gått bort frå den og opna for fredning av nyare bygg.

I Sverige har ein lange tradisjonar for fredning, heilt tilbake til 1600 – talet. Fokuset er på eldre kulturminner, men også nyare tids bebyggelse. Svenskane er særleg gode på dokumentasjon. I Finland har dei heller ingen bestemt aldersmessig avgrensing i lovverket for fredning av kulturminner, men i praksis fredar dei sjelden noko som er yngre enn 50 år. På lik linje med praksis med resten av Norden nyttar dei i stor grad plan og bygningsloven som formelt vern av nyare busetnad. I Belgia har dei også ein liknande lovbestemmelse som i Norden, men dei har i seinare tid freda ei rekke yngre byggverk.

I England har ein praktisert ei 30-års distanse, og deler dei verna bygga inn i tre ulike kategoriar der nivå ein vert rekna som av ’nasjonal interesse’. Ein kan også verne ti år gamle bygg, men dette må vere svært innovative bygg.

I staten New york følgjer ein lova, The act of Landmarks. Det skal gå 30 år før fredning vert mogeleg. Dette prinsipppet vart etablert på 1960 – talet. Mange hundre bygg er freda, og med ulik gradering. Ein dag i året skal slike bygg haldast opne for publikum.


Leidulf Mydland – avdelingsleiar ved NIKU - starta innlegget med å spørre om tid eigentleg er ein interessant storleik? I dag har vi ein tendens til å sjå tid som avslutta epokar. I arbeidet hans med skulehus meiner han å ha sett at tid har betydd svært lite. Skulehusa er gamle, ja, men ingen veit nøyaktig når dei vart bygde. Og spelar det eigentleg ei rolle? Andre ting verkar viktigare.


Kulturminnevernet har ein språkbruk som tyder på at det heftar seg ved nettopp tida: kulturMINNEvern, kulturARV, fortidsMINNER, kulturHISTORIE

I dokumenta for Kulturminnevernet står det lite om tid som vernestrategi. Målet er å vise eit tverrsnitt av historia, vise representativitet, samanheng, autentisitet, fysisk tilstand, arkitektonisk kvalitet og identitet.

I praksis ser vi at 1900 – talets bygningar dominerer vernetiltaka i stadig aukande grad. Då må andre kriterie ligge til grunn. Mydland peiker på korleis dette manar til nye kriterie, eller argument, for fredning. Hans haldning er at her må ein halde tunga beint i munnen, og diskutere kva slags argument som eigentleg er interessante og tenlege.

Europarådet sette i 1991 i gang tiltak for å beskytte det 20. århundres arkitektur. Her ser vi ei viktig endring i vernemyndigheitene sin språkbruk. Ein snakkar ikkje om kulturminne, men arkitektur. Det er viktig å diskutere kva denne endringa tyder.

Villa BUSK, ein privatbolig frå 1990, vart freda berre to år etter at han vart bygd. Boligen vart teikna av Sverre Fehn. I fredningsbegrunnelse er det spesielle samspelet mellom bygg og natur spesielt trukke fram. Andre døme er altså; Norsk Arkitekturmuseum. Nok eit Fehn – bygg, men denne gang samanstilt med Grosch si klassisiske bygning. Vidare er tårnet ved Gardermoen flyplass også freda. Felles for desse bygga er at arkitekturen utgjer hovedargumentet for bevaring.

Mydland meiner at dagens fokus på design gjer at kulturminnevernet vil gjere seg meir relevant og trendy. I fredninga av arkitekturmuseet har arkitekten fått ei svært dominerande rolle. Dersom ein ser kulturminne som fotavtrykk som forteller noko om vårt samfunn sine ”vandringar” kan ein seie at ein no er i ferd med å frede fotavtrykka før arkitekten sjølv har forlate fotavtrykket. Slik fredar ein arkitekten sin fot heller enn fotavtrykket (-:

Representativitet er ei viktig målsetjing innan vernepolitikken. Vektlegging av arkitektonisk verdi gjer at representativiteten forsvinn. Skal vi velge representativitet eller kvalitet? Fredning av samtidas moderne bygg byr på utfordringar. Skal vi bevare lysthus og herregårdar, teikna av framståande arkitektar? Eller skal vi bevare, for eksempel, skulehus?

Vi avsluttar referatet med eit bilete frå Odda smelteverk. Too Young - Too Ugly? ..eller rett og slett eit stykke glitrande prosessindustrihistorie vi berre ikkje kan gå glipp av?




Referat ved Ingvil Eilertsen Grimstad

Jugendstilsenteret