Slik kan altså ein dag ved museet vere. Dei siste gjestene har gått, og eg sit i tårnet og høyrer korleis det knirkar i treverket. Om nøyaktig ein halv time slår alarmen inn automatisk, og då bør eg vere ute av huset - viss ikkje vert det tull og tøys med Securitas, og littegrann kjeft med vaktmeister i morgon. Eg ser jo at det ikkje er nokon som les bloggen min. Det er ei slags tristesse over dette.
Eg skriv og skriv - som om det var ein venn eg snakka med. Ein som var oppriktig interessert i dette og hint.
Eg må nok gjere meg meir interessant, med fleire gadgets og fleire følarar ute i Flickr og twitter og face og alt det der...
Då går eg. Ut i kulden. kanskje der er nokon på Mix kiosken som også har tenkt seg ut på øya. Og kanskje eg skal kjøpe ein pakke sure hjul. Ja trur eg gjer det. God natt...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Jugendstilsenteret
Error loading feed.
Lisjepi!
SvarSlettEg les bloggen og følgjer med om du gjer leksa di;-)Du har dessutan ein følgjar til....
Frøydis