Digitalt Fortalt

onsdag 17. februar 2010

Museumsfolk


Vi er ein museumsgjeng som skal lage blogg. Kva skal vi skrive om? Skal eg skrive om jugendstil feks? Det kan eg jo godt. Fin stil det. Litt gammal, litt snirklete.

Kursblues

Ja så sit eg her - lettare svett - med hendene på tastaturet og hovudet i fatle. Det går stadig klarare føre meg at tida går. Endå fortare skal det gå også seier kurshaldaren. Det er berre å følge med. Klarer eg å følge med? Føler meg som barnet som blir dragen etter kragen til barnehagen - fem minutt for seint - og ikkje skjønar vitsen - for tid? Kva er det?

eg vil jo balansere først
sjekke om snømannen framleis har hovud
Stikke hovudet inn i leikebuda

blogg blogg
i morgon er det
ninging ringing og drabling
yepp - hepp

Jugendstilsenteret