Digitalt Fortalt

torsdag 25. februar 2010

Solfrid Olette Mortensen

Den nye utstillinga på KUBE er verkeleg tankevekkande. Solfrid Olette Mortensen har installasjonar som ho har kalla SYNTESE. Etter at mor hennar døydde rydda borna ut av huset. I staden for å kaste ville Solfrid lage kunst. Eg skjønar kvifor. Mormora mi døydde for to år sidan. Då huset vart tømt var det mange ting som eigentleg var utan verdi - men som fekk minna til å strøyme. Ikkje berre minner eigentleg - også tankar om ei anna tid, eit strev, ei haldning om å ta vare på.
Sjå berre på installasjonen UTSYN der hundrevis av ulike sko, frå i alle fall fire generasjonar, liksom kjem springane innover i romet. Kvar enkel sko har si historie å fortelje; treskoen, den raude lakkskoen, dei slitte joggeskoa, dei bittesmå barneskoa... Kvifor har ho tatt vare på desse slitte skoa? Var det tanken om gjenbruk? Var det hennar personlege minner om eigarane, om stundene ho hadde opplevd ilag med dei? Eller var det ein tanken om at alle saman ein gong skulle springe mot oss og virvle oss inn ei ein evig og fargerik samanheng(-:

Sjekk ut denne utstillinga: Opnar på Kunstmuseet KUBE, 27.2, klokka 14.    

Jugendstilsenteret