Digitalt Fortalt

mandag 1. mars 2010

Møbel til begjær

Klar for ny utstilling på KUBE! Eg trur eg kjem til å henge rundt i utstillinga på KUBE framover(-: Det er nemleg møbelutstilling på gang, og for ein gongs skuld (HURRA!) kan vi både ta på og innta gjenstandane! Dette er i tillegg eit herleg stykke lokal designhistorie. Sjekk Møbelfaglig senter i Sykkylven! - og kom for ein sit in her hos oss.

Tove og Ina har valgt å dele utstillinga inn i tre; leik, kvile og bevegelse. "Kvile" er ironisk nok den store sunnmørske salgssuksessen. Stresslessen var eit skikkeleg framtidsmøbel som innretta seg etter medierevolusjonen, føre TVen. Heldigvis er også bevegelse eit særnorsk bidrag til internasjonal møbeldesign. Ikkje fødde med ski på beina sa du? Neivel, men nesten alle som er fødde i dette landet etter 1972 har sitte i, og vakse i, ein Tripp Trapp. Ikkje anna å vente at vi forventar at møbelet skal rette seg etter kroppen sin bevegelsar... Balans, Capisco er stolar som tek kroppen på alvor - og som har slått an ute i den store verda.
Så, viss ein stol ikkje lenger berre er ein stol, kva er det då? Det er der leiken kjem inn. Og då vert det verkeleg morro.

Mine favorittar? Utan tvil: EKSTREM. Eg vil sitje i ein svart Ekstrem. Nei, eg vil HA ein svart Ekstrem! Som skal stå i perfekt posisjon mot ei fantastisk sunnmørsk fjordutsikt. Som ein edderkopp som skuar utover sitt rike. RULE RULE!        
    

Jugendstilsenteret