Digitalt Fortalt

mandag 19. april 2010

Facebook (-:

Facebook har eg jo halde på med litt. Slit litt med å finne ei form på museet sine sider - men det tikkar sakte men sikkert inn fleire følgarar. Etterkvart som vi får fleire venner føler eg dette er ein god måte å få ut info om museet sine aktivitetar. Kanskje kan eg verte meir interaktiv med vennene også.. Eg treng tid til å jobbe med dette.

Facebook | Kunstmuseet Kube Jugendstilsenteret Kulturkvartalet

Facebook Kunstmuseet Kube Jugendstilsenteret Kulturkvartalet

Endeleg podcasting på gang

Då har eg navigert meg gjennom diverse opplastingar - iTunes og quick time og eit anna program som heiter podbean... uansett ser det ut til at eg har klart å legge til podcast - linkar til bloggen min: til Tudors og 60 minutes. Syns dette var interessant. Det gir muligheiter for å feks sjå tv - episodar på pc, sjølv om breibandet mitt er dårlig. Eg må teste dette ved høve. Feirar med eit lite bilete av helten - antihelten : alt etter auget som ser (-;

Twitring og podcast

Javel - då begynner tida å renne ut for kurset. Og eg har ikkje klart å kome meg halvvegs eingong... Og no er heimebreibandet heilt udugeleg treigt. Vel - har hoppa tilbake for å sjekke twitre - greia - og endte i det minste opp med ei bråte museum på lista. Veit ikkje heilt kva eg skal gjere med det, men det kan verke som noko liknande RSS - med korte live - oppdateringar. OK.
Då skal eg prøve meg på litt podcasting. (-:

Med det treige opplegget er det ikkje heilt enkelt, Hallo i UKEN. Virkar dette skal tru?

RSS

Då har eg lagt inn rss på eiga maskin - dette ser ut til å skje "automatisk" når ein blir spurt om å abbonnere på ein feeder. Eg har også lagt inn på Google Reader. I tillegg har eg lagt inn på Bloggen min - to stk: den eine Digitalt fortalt og den andre den fabelaktige lokalavisa. I tillegg la eg inn ein nyheitstittel - gadget. Fo anledninga det alle snakkar om, men som eigentleg ikkje er noko per i dag: vulkanen Katla.

Eg er veldig uvant med å bruke desse RSS - feedane. Her har eg ein lang veg å gå. Det er kanskje lurt for å sleppe å gå innom alle mogelege nettsider - som ein burde sjekka frå tid til anna. Men samstundes blir litt av morroa med nettets ubegrensa informasjonsflom tatt ifrå meg. Dessutan er det litt kokkelimonke å skulle disponere rss - feedar i hytt og pine. Men ok. Eg trur i alle fall at eg skjønar det.

Jugendstilsenteret