Digitalt Fortalt

fredag 16. april 2010

Påske på Sicilia

Dette biletet er tatt på langfredag påska 2007, høgt oppe i ein skoddebelagt landsby på Sicilia. Eit opptog av naturtru statuer snirkla seg gjennom brusteinsgatene. Musikken var som henta ut av il Padrino. Dramatikken i påskeevangeliet var til å ta og føle på.

Nytt forsøk på oppdatering.

No skal eg ta meg saman og følge alt etter punkt og prikke. No har eg lagt inn etikettar - og det gjekk veldig greit. Det var då ikkje så vanskeleg. Eg har også kommentert litt på andre sine bloggar, og så har eg leika litt med dette med Rss - lesar. Valgte google sin lesar, og har lagt inn litt ymse. Mellom anna min eigen flickr - konto. Den er ikkje mykje å skryte av endå, men det er ein fin måte å legra bilete på.

Jugendstilsenteret