Digitalt Fortalt

tirsdag 23. februar 2010

Kveld i tårnet

Slik kan altså ein dag ved museet vere. Dei siste gjestene har gått, og eg sit i tårnet og høyrer korleis det knirkar i treverket. Om nøyaktig ein halv time slår alarmen inn automatisk, og då bør eg vere ute av huset - viss ikkje vert det tull og tøys med Securitas, og littegrann kjeft med vaktmeister i morgon. Eg ser jo at det ikkje er nokon som les bloggen min. Det er ei slags tristesse over dette.
Eg skriv og skriv - som om det var ein venn eg snakka med. Ein som var oppriktig interessert i dette og hint.
Eg må nok gjere meg meir interessant, med fleire gadgets og fleire følarar ute i Flickr og twitter og face og alt det der...

Då går eg. Ut i kulden. kanskje der er nokon på Mix kiosken som også har tenkt seg ut på øya. Og kanskje eg skal kjøpe ein pakke sure hjul. Ja trur eg gjer det. God natt...

The Primus - code del 1

Er omsider i gang med ei litt meir intens hamring på Primus - koden. Det er ikkje berre enkelt. Utstyret er for så vidt på plass. Har eit ok kamera og ein fin fotolampe, og har skjøna korleis eg skal unngå det gule lyset i bileta(-: Brukar linjal i biletet, men ikkje nummer. Ser ikkje ut til at dei andre musea heller brukar det no til dags. Eg begynner rett og slett i ein ende, og i dag har eg registert ( i alle fall på papiret) fem tapetbitar frå hus i Ålesund. Ventar på registreringsnummer frå Museumsforbundet, for at eg skal kunne legge dei inn på Primus.
Har valgt lokasjons - metoden (heiter sikkert ikkje det) - med å begynne i eitt rom og jobbe meg vidare gjennom museet. Då kan det feks vere fint å ha som målsetjing at eg skal kome meg ut av kontorromet mitt i slutten av april.. Vi har fem etasjar. Dette blir artig.
Ingvil

Twitter / akselsvindal

Twitter / akselsvindal

Ny dag - sol ute og blogg inne

Ikkje så heilt enkelt å finne plass til bloggkurset, men no skal eg ta meg ei lita økt her. Målet for denne økta er å hekte til meg noko som har med Petter Northug jr å gjere(-:

Jugendstilsenteret