tenkte eg skulle sjekke ut chatte - funksjonane. Endte sjølvsagt med at dte begynte å ringe - noko eg syns er svært ubehageleg her eg sit trygt og vekkgøymd i mitt velpolerte (-: kontor. Men så gjekk det seg jo til - og fekk sendt avgårde ei lita melding til trygge Frøydis.
Det som verkeleg var morsomt var å teste Biblioteksvar. Trudde først det skulle vere ei slik ekkel standardgreie som tolka det eg skreiv elektronisk - ikkje forstod nynorsken - og tull tull tull. Men det var det definitivt ikkje. Her var det eit levande menneske som klarte å finne fram til ei bok som kan freiste sjølv ei museumsarbeidande fråskild småbarnsmor med konsentrasjonsvanskar (-:
Kanskje : Kurt Aust kan vere noko? Det verka i alle fall som ei svært så funksjonell ordning.
Viser innlegg med etiketten facebook. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten facebook. Vis alle innlegg
fredag 23. april 2010
mandag 19. april 2010
Facebook (-:
Facebook har eg jo halde på med litt. Slit litt med å finne ei form på museet sine sider - men det tikkar sakte men sikkert inn fleire følgarar. Etterkvart som vi får fleire venner føler eg dette er ein god måte å få ut info om museet sine aktivitetar. Kanskje kan eg verte meir interaktiv med vennene også.. Eg treng tid til å jobbe med dette.
Abonner på:
Innlegg (Atom)