Takk alle de som minner oss på at liva våre er fulle av meining og innhald. Kva skulle vi gjort utan?
http://www.dagbladet.no/2010/03/15/kultur/tv/anna_anka/hollywood-fruer/10854263/
tirsdag 16. mars 2010
Morgendagens designere?
I dag hadde vi besøk av ein kjekk gjeng frå Skarbøvik ungdomsskole, som no har testa ut absolutt alle stolane i utstillinga. Det var veldig artig! Etterpå danna vi designkontor, som så fekk i oppdrag å lage stolar til ulike føremål. Det gjekk litt fort i svingane, men her er det mykje fantasi og praktisk tilnærming til oppdraga(-:
takk for besøket!
takk for besøket!
Nye elevstolar til Skarbøvik ungdomsskole
Nytenkande, praktisk og smekker. Stol med leselampe, nakkepute, tastaturbord, drikkekonsoll og underskap!
Game Zone stolen
Stoldraum til gutteromet i svart skinn, med innebygde høgtalarar og serveringsbord.
Under det kvite teppet
Hei tilbake igjen her. Det nærmar seg nytt kurs, og det er på tide med ein catch up - eller skippertak som det vel eigentleg heiter. I dag tidleg gjekk eg over Hellebroa, som vanleg. Det er snø, på tredje månaden, og eg lurer rett og slett på kva som kan ligg skjult der under. I dag gjekk eg nesten i sikksakk for å unngå dei brungule flekkene som sakte er i ferd med å kome til syne. Bortsett frå at det ikkje er så kjekt å trakke i, så syns eg det er noko oppløftande over det. Våren kjem han!
Abonner på:
Innlegg (Atom)