Snødekte fjell, løyper som snor seg oppetter fjellsidene, appelsin, sjokolade, blå swix, ei sol som får snøkrystallane til å glitre - og små barn som ser ut til å vere fødde med ski på beina. Petter Northug jr vinn femmila i OL (-: Det er kjempegøy. Det er ein nær lykkefølelse.
Eg går ikkje bort til kjøleskapet for å ta meg eit glas kald mjølk.
Der går grensa.
søndag 28. februar 2010
torsdag 25. februar 2010
Solfrid Olette Mortensen
Den nye utstillinga på KUBE er verkeleg tankevekkande. Solfrid Olette Mortensen har installasjonar som ho har kalla SYNTESE. Etter at mor hennar døydde rydda borna ut av huset. I staden for å kaste ville Solfrid lage kunst. Eg skjønar kvifor. Mormora mi døydde for to år sidan. Då huset vart tømt var det mange ting som eigentleg var utan verdi - men som fekk minna til å strøyme. Ikkje berre minner eigentleg - også tankar om ei anna tid, eit strev, ei haldning om å ta vare på.
Sjå berre på installasjonen UTSYN der hundrevis av ulike sko, frå i alle fall fire generasjonar, liksom kjem springane innover i romet. Kvar enkel sko har si historie å fortelje; treskoen, den raude lakkskoen, dei slitte joggeskoa, dei bittesmå barneskoa... Kvifor har ho tatt vare på desse slitte skoa? Var det tanken om gjenbruk? Var det hennar personlege minner om eigarane, om stundene ho hadde opplevd ilag med dei? Eller var det ein tanken om at alle saman ein gong skulle springe mot oss og virvle oss inn ei ein evig og fargerik samanheng(-:
Sjekk ut denne utstillinga: Opnar på Kunstmuseet KUBE, 27.2, klokka 14.

tirsdag 23. februar 2010
Kveld i tårnet
Slik kan altså ein dag ved museet vere. Dei siste gjestene har gått, og eg sit i tårnet og høyrer korleis det knirkar i treverket. Om nøyaktig ein halv time slår alarmen inn automatisk, og då bør eg vere ute av huset - viss ikkje vert det tull og tøys med Securitas, og littegrann kjeft med vaktmeister i morgon. Eg ser jo at det ikkje er nokon som les bloggen min. Det er ei slags tristesse over dette.
Eg skriv og skriv - som om det var ein venn eg snakka med. Ein som var oppriktig interessert i dette og hint.
Eg må nok gjere meg meir interessant, med fleire gadgets og fleire følarar ute i Flickr og twitter og face og alt det der...
Då går eg. Ut i kulden. kanskje der er nokon på Mix kiosken som også har tenkt seg ut på øya. Og kanskje eg skal kjøpe ein pakke sure hjul. Ja trur eg gjer det. God natt...

The Primus - code del 1
Er omsider i gang med ei litt meir intens hamring på Primus - koden. Det er ikkje berre enkelt. Utstyret er for så vidt på plass. Har eit ok kamera og ein fin fotolampe, og har skjøna korleis eg skal unngå det gule lyset i bileta(-: Brukar linjal i biletet, men ikkje nummer. Ser ikkje ut til at dei andre musea heller brukar det no til dags. Eg begynner rett og slett i ein ende, og i dag har eg registert ( i alle fall på papiret) fem tapetbitar frå hus i Ålesund. Ventar på registreringsnummer frå Museumsforbundet, for at eg skal kunne legge dei inn på Primus.
Har valgt lokasjons - metoden (heiter sikkert ikkje det) - med å begynne i eitt rom og jobbe meg vidare gjennom museet. Då kan det feks vere fint å ha som målsetjing at eg skal kome meg ut av kontorromet mitt i slutten av april.. Vi har fem etasjar. Dette blir artig.
Ingvil

Ny dag - sol ute og blogg inne
Ikkje så heilt enkelt å finne plass til bloggkurset, men no skal eg ta meg ei lita økt her. Målet for denne økta er å hekte til meg noko som har med Petter Northug jr å gjere(-:
torsdag 18. februar 2010
Prøve meg fram med Flickr
No har eg oppretta ei ny adresse igjen - på yahoo! - for å skaffe meg ein flickr - konto. Det er dette som er litt forvirrande. Må ha masse papirpermar med info om adresser og passord på dei ulike tenestene. Det forvirrar ein stakar som meg. Her legg eg inn ein link til fotostreamen min på Flickr - som per i dag inneheld berre eitt bilete - til gjengjeld veldig flott! http://www.flickr.com/photos/lisjepi/?saved=1
Abonner på:
Kommentarer (Atom)