Digitalt Fortalt

mandag 1. mars 2010

Møbel til begjær

Klar for ny utstilling på KUBE! Eg trur eg kjem til å henge rundt i utstillinga på KUBE framover(-: Det er nemleg møbelutstilling på gang, og for ein gongs skuld (HURRA!) kan vi både ta på og innta gjenstandane! Dette er i tillegg eit herleg stykke lokal designhistorie. Sjekk Møbelfaglig senter i Sykkylven! - og kom for ein sit in her hos oss.

Tove og Ina har valgt å dele utstillinga inn i tre; leik, kvile og bevegelse. "Kvile" er ironisk nok den store sunnmørske salgssuksessen. Stresslessen var eit skikkeleg framtidsmøbel som innretta seg etter medierevolusjonen, føre TVen. Heldigvis er også bevegelse eit særnorsk bidrag til internasjonal møbeldesign. Ikkje fødde med ski på beina sa du? Neivel, men nesten alle som er fødde i dette landet etter 1972 har sitte i, og vakse i, ein Tripp Trapp. Ikkje anna å vente at vi forventar at møbelet skal rette seg etter kroppen sin bevegelsar... Balans, Capisco er stolar som tek kroppen på alvor - og som har slått an ute i den store verda.
Så, viss ein stol ikkje lenger berre er ein stol, kva er det då? Det er der leiken kjem inn. Og då vert det verkeleg morro.

Mine favorittar? Utan tvil: EKSTREM. Eg vil sitje i ein svart Ekstrem. Nei, eg vil HA ein svart Ekstrem! Som skal stå i perfekt posisjon mot ei fantastisk sunnmørsk fjordutsikt. Som ein edderkopp som skuar utover sitt rike. RULE RULE!        
    

4 kommentarer:

  1. Den var faktisk ganske kul:) Og hadde vore god til vonde halebein, trur eg... No er mitt i ferd med å bli bra, eg håper mor di ikkje blir slitande med sitt for lenge!

    Kjekt med nye bloggar:)

    SvarSlett
  2. Utruleg stilig stol, og dessutan fantastisk å sitje i. Eg har også lyst på ein slik! Blir kjekt å følgje med på bloggen din, då, Ingvil! Kanskje eg skal blogge litt om amming, bleieskift og gulpeklutar det neste året.. eller kanskje ikkje.. Rannveig

    SvarSlett
  3. Så kjekt med blogg, Ingvil! Skal legge inn bokmerke på mac´en! Når det gjelder sunnmørsk møbelhistorie har jeg, som på så mange andre områder, ikke noe å bidra med. Jeg kan ikke engang uttale Rjåneset. Men jeg kan fiske der når jeg er på besøk hos svigers. Da kan jeg også sitte i en gammel stressless. Eller to faktisk. De er like, men den ene er litt mindre enn den andre. Dame og herrevariant, sies det.

    Øyvind Valmot

    SvarSlett
  4. Flott møbel og spennande utstilling. Eg må ta meg ein tur med familien trur eg:-)
    Men korleis går det med kurset?

    Skriv litt i bloggen din om framgong og tankar krig web 2.0.

    Så flott at du har fått så mye kommentarar! Kjempebra jobba med å få folk til bloggen din.

    Mvh Frøydis

    SvarSlett

Jugendstilsenteret