Digitalt Fortalt

tirsdag 16. mars 2010

Morgendagens designere?

I dag hadde vi besøk av ein kjekk gjeng frå Skarbøvik ungdomsskole, som no har testa ut absolutt alle stolane i utstillinga. Det var veldig artig! Etterpå danna vi designkontor, som så fekk i oppdrag å lage stolar til ulike føremål. Det gjekk litt fort i svingane, men her er det mykje fantasi og praktisk tilnærming til oppdraga(-:

takk for besøket!

Nye elevstolar til Skarbøvik ungdomsskole


Skule
Originally uploaded by lisjepi
Nytenkande, praktisk og smekker. Stol med leselampe, nakkepute, tastaturbord, drikkekonsoll og underskap!

Game Zone stolen


img-3161448-0001
Originally uploaded by lisjepi
Stoldraum til gutteromet i svart skinn, med innebygde høgtalarar og serveringsbord.

Zebra Luxury


img-3161449-0001
Originally uploaded by lisjepi
Stolar til ungdomskafe i Skarbøvika.

Flickr

This is a test post from flickr, a fancy photo sharing thing.

Under det kvite teppet

Hei tilbake igjen her. Det nærmar seg nytt kurs, og det er på tide med ein catch up - eller skippertak som det vel eigentleg heiter. I dag tidleg gjekk eg over Hellebroa, som vanleg. Det er snø, på tredje månaden, og eg lurer rett og slett på kva som kan ligg skjult der under. I dag gjekk eg nesten i sikksakk for å unngå dei brungule flekkene som sakte er i ferd med å kome til syne. Bortsett frå at det ikkje er så kjekt å trakke i, så syns eg det er noko oppløftande over det. Våren kjem han!

mandag 1. mars 2010

Møbel til begjær

Klar for ny utstilling på KUBE! Eg trur eg kjem til å henge rundt i utstillinga på KUBE framover(-: Det er nemleg møbelutstilling på gang, og for ein gongs skuld (HURRA!) kan vi både ta på og innta gjenstandane! Dette er i tillegg eit herleg stykke lokal designhistorie. Sjekk Møbelfaglig senter i Sykkylven! - og kom for ein sit in her hos oss.

Tove og Ina har valgt å dele utstillinga inn i tre; leik, kvile og bevegelse. "Kvile" er ironisk nok den store sunnmørske salgssuksessen. Stresslessen var eit skikkeleg framtidsmøbel som innretta seg etter medierevolusjonen, føre TVen. Heldigvis er også bevegelse eit særnorsk bidrag til internasjonal møbeldesign. Ikkje fødde med ski på beina sa du? Neivel, men nesten alle som er fødde i dette landet etter 1972 har sitte i, og vakse i, ein Tripp Trapp. Ikkje anna å vente at vi forventar at møbelet skal rette seg etter kroppen sin bevegelsar... Balans, Capisco er stolar som tek kroppen på alvor - og som har slått an ute i den store verda.
Så, viss ein stol ikkje lenger berre er ein stol, kva er det då? Det er der leiken kjem inn. Og då vert det verkeleg morro.

Mine favorittar? Utan tvil: EKSTREM. Eg vil sitje i ein svart Ekstrem. Nei, eg vil HA ein svart Ekstrem! Som skal stå i perfekt posisjon mot ei fantastisk sunnmørsk fjordutsikt. Som ein edderkopp som skuar utover sitt rike. RULE RULE!        
    

Jugendstilsenteret