tenkte eg skulle sjekke ut chatte - funksjonane. Endte sjølvsagt med at dte begynte å ringe - noko eg syns er svært ubehageleg her eg sit trygt og vekkgøymd i mitt velpolerte (-: kontor. Men så gjekk det seg jo til - og fekk sendt avgårde ei lita melding til trygge Frøydis.
Det som verkeleg var morsomt var å teste Biblioteksvar. Trudde først det skulle vere ei slik ekkel standardgreie som tolka det eg skreiv elektronisk - ikkje forstod nynorsken - og tull tull tull. Men det var det definitivt ikkje. Her var det eit levande menneske som klarte å finne fram til ei bok som kan freiste sjølv ei museumsarbeidande fråskild småbarnsmor med konsentrasjonsvanskar (-:
Kanskje : Kurt Aust kan vere noko? Det verka i alle fall som ei svært så funksjonell ordning.
fredag 23. april 2010
mandag 19. april 2010
Facebook (-:
Facebook har eg jo halde på med litt. Slit litt med å finne ei form på museet sine sider - men det tikkar sakte men sikkert inn fleire følgarar. Etterkvart som vi får fleire venner føler eg dette er ein god måte å få ut info om museet sine aktivitetar. Kanskje kan eg verte meir interaktiv med vennene også.. Eg treng tid til å jobbe med dette.
Endeleg podcasting på gang
Då har eg navigert meg gjennom diverse opplastingar - iTunes og quick time og eit anna program som heiter podbean... uansett ser det ut til at eg har klart å legge til podcast - linkar til bloggen min: til Tudors og 60 minutes. Syns dette var interessant. Det gir muligheiter for å feks sjå tv - episodar på pc, sjølv om breibandet mitt er dårlig. Eg må teste dette ved høve. Feirar med eit lite bilete av helten - antihelten : alt etter auget som ser (-; Twitring og podcast
Javel - då begynner tida å renne ut for kurset. Og eg har ikkje klart å kome meg halvvegs eingong... Og no er heimebreibandet heilt udugeleg treigt. Vel - har hoppa tilbake for å sjekke twitre - greia - og endte i det minste opp med ei bråte museum på lista. Veit ikkje heilt kva eg skal gjere med det, men det kan verke som noko liknande RSS - med korte live - oppdateringar. OK.
Då skal eg prøve meg på litt podcasting. (-:
Med det treige opplegget er det ikkje heilt enkelt, Hallo i UKEN. Virkar dette skal tru?
Då skal eg prøve meg på litt podcasting. (-:
Med det treige opplegget er det ikkje heilt enkelt, Hallo i UKEN. Virkar dette skal tru?
RSS
Då har eg lagt inn rss på eiga maskin - dette ser ut til å skje "automatisk" når ein blir spurt om å abbonnere på ein feeder. Eg har også lagt inn på Google Reader. I tillegg har eg lagt inn på Bloggen min - to stk: den eine Digitalt fortalt og den andre den fabelaktige lokalavisa. I tillegg la eg inn ein nyheitstittel - gadget. Fo anledninga det alle snakkar om, men som eigentleg ikkje er noko per i dag: vulkanen Katla.
Eg er veldig uvant med å bruke desse RSS - feedane. Her har eg ein lang veg å gå. Det er kanskje lurt for å sleppe å gå innom alle mogelege nettsider - som ein burde sjekka frå tid til anna. Men samstundes blir litt av morroa med nettets ubegrensa informasjonsflom tatt ifrå meg. Dessutan er det litt kokkelimonke å skulle disponere rss - feedar i hytt og pine. Men ok. Eg trur i alle fall at eg skjønar det.
Eg er veldig uvant med å bruke desse RSS - feedane. Her har eg ein lang veg å gå. Det er kanskje lurt for å sleppe å gå innom alle mogelege nettsider - som ein burde sjekka frå tid til anna. Men samstundes blir litt av morroa med nettets ubegrensa informasjonsflom tatt ifrå meg. Dessutan er det litt kokkelimonke å skulle disponere rss - feedar i hytt og pine. Men ok. Eg trur i alle fall at eg skjønar det.
fredag 16. april 2010
Påske på Sicilia
Dette biletet er tatt på langfredag påska 2007, høgt oppe i ein skoddebelagt landsby på Sicilia. Eit opptog av naturtru statuer snirkla seg gjennom brusteinsgatene. Musikken var som henta ut av il Padrino. Dramatikken i påskeevangeliet var til å ta og føle på.
Abonner på:
Innlegg (Atom)

